Om mæg
Såg dagens lys i det Herrens år av 1964. Oppvaksen på Evje i Setesdal, og busett i Mandal sidan 1986.
Eg har drive med musikk heilt sidan ungdomen, spelar gitar og høyrer til i kategorien singer/songwriter. Har også mitt eige lille heimestudio i Mandal, Fugleburet studio.
Musikken min har resonnans frå natur og menneske, og eg hentar inspirasjon frå mange ulike musikalske ytterpunkt, alt frå tradisjonell folkemusikk, til visesong og progressiv pop. Har så langt i karriera utgjeve eller medverka på i alt fem plateinnspelingar. Det mest omfattande arbeidet til nå er konseptplata «Dalen vår» (2012), som er ein musikalsk hyllest til eigne røter og eigen oppvekst i nedre Setesdal, men med tema som alle kan kjenne seg att i. Har også gjeve ut fire singlar. Deriblant songen «På 60 blank» som eg skreiv på bestilling til Otra IL sitt
50-årsjubileum i 2010.
All den nyaste musikken min er tilgjengeleg
for nedlast og kjøp på nettet. Dei andre
utgjevingane kan bestillast frå meg.
Helsing Ole